Geavaheaddjeságastallan:90.149.36.5

Wikipedia
Jump to navigation Jump to search

guovvamánnu 2019[edit source]

Takk for hjelpen og velkommen til nordsamisk Wikipedian! -Yupik (ságastallan) 08:57, 8 guovvamánnu 2019 (UTC)

Mun lea Geavaheaddji:90.149.36.5.
giittus, giitosa; giitit giittán ! 90.149.36.5 15:46, 8 guovvamánnu 2019 (UTC)

A request[edit source]

Hei. I need to ask you to check and double check any edits you're making because you're introducing more mistakes and misspellings into the articles than I can correct. Also please try to group edits together and then save all of them in one save. Thank you. -Yupik (ságastallan) 07:01, 10 guovvamánnu 2019 (UTC)

The guidelines of wikipedia, are applicable to every user. Including myself.
Improvements are expected from every user. Including myself. 90.149.36.5 07:44, 10 guovvamánnu 2019 (UTC)

Velkomen![edit source]

Hei, 90.149.36.5, og velkomen til nordsamisk Wikipedia. Det er fint at du er her, er det noko nordsamisk Wikipedia treng, så er det gode krefter for å forbetre leksikonet. Med Unesco sitt urfolksspråkår gåande er det desto meir på sin plass. Med over 7000 artiklar er se wp ein av dei beste wp-versjonane på noko urfolksspråk. Bra er det likevel ikkje, av tre grunnar: 1. Folk skriv inn framandspråkleg tekst på sidene, 2. Mykje av den samisken som blir skrive er av dårleg kvalitet, med språklege feil eller i verste fall skrive av folk som ikkje kan samisk og som dermed kan finne på å skrive inn i prinsippet kva som helst, 3. Det er for få samiskspråklege skribentar her (= nesten ingen). Desse tre negative tendensane heng saman, og forsterkar kvarandre. Nordsamisk wikipedia nyt stor velvilje blant folk som ikkje har samisk som morsmål (som t.d. deg og meg), utfordringa vår er så å handsame velvilja vår på ein måte som ikkje gjer nordsamisk wikipedia dårlegare enn den allereie er. Det inneber at vi bør:

  1. la vere å skrive tekst på anna språk enn nordsamisk inn i artiklane. Poenget med nordsamisk Wikipedia er at den skal vere på nordsamisk
  2. la vere å skrive nordsamisk viss vi ikkje er 100% sikker på at det er rett. Jo meir tekst som er på dårleg samisk desto meir sannsynleg er det at dei samiskspråklege ikkje vil ta nordsamisk Wikipedia i bruk. For å setje saman t.d. namn + namnetype må vi t.d. kunne bøye namnet i genitiv (Tana = Deatnu men Tana kommune er ikkje "Deatnu gielda", men "Deanu gielda", osb, osb.).

Dette betyr ikkje at vi ikkje kan gjere noko på se wp. Med erfaring frå andre Wikipediaversjonar kan vi t.d.

  • ordne interwiki-lenkjer
  • legge til bilete frå commons (men ikkje med feil samisk i biletteksten!)
  • ordne kategoriseringar (legge inn under eksisterande kategoriar analogt med kategorisering av tilsvarande artiklar)
  • I sjeldne tilfelle kan vi også gjere noko med referansane i artiklane. Problemet der er at lenkjer til t.d. norskspråklege nettsider som regel ikkje er relevante, dei høyrer betre heime på dei norskspråklege sidene vi kan krysslenkje til frå se wp. Lenkjer til nordsamiske kjelder, lenkjer til relevant faglitteratur, og lenkjer som stør opp om eit faktum i teksten er derimot ok.

Viss du vil forstå innhaldet i ein se wp-artikkel kan du lime url-en inn her, ordbok (med klikk-i-tekst-funksjon) finn du her. Merk likevel at nordsamisk er eit språk der orda forandrar form etter kva funksjon dei har i setninga, og ord-til-ord-omsetjingar frå norsk til nordsamisk er noko av det verste vi kan gjere for denne wp-versjonen.

Nordsamisk wp har fleire døme på folk som ikkje kan samisk, men som allikevel har gjort ein god jobb her, og vi har ein del døme på det motsette. Utfordringa til oss ikkje-samiskspråklege er altså å bidra utan å øydeleggje. Så nok ein gong: Velkomen, og lukke til! Trondtr (ságastallan) 12:10, 10 guovvamánnu 2019 (UTC).

Interessant! 90.149.36.5 14:27, 10 guovvamánnu 2019 (UTC)
Her har du ei utfordring: Du kan t.d. klassifisere desse sidene, dvs. legge dei inn under allereie eksisterande og relevante kategoriar. T.d. finn du kategorien for Bahtaráigi (tilfeldig artikkel!!) ved å klikke på iw-lenkja til nynorsk. Der ser du at den tilsvarande nynorske artikkelen er knytt til ein kategori (Anatomi) som (faktisk!) er knytt til ein samisk kategori (Anatomiija). Ergo bør den samiske artikkelen vi starta ut med bli knytt til same kategori. .. og tilsvarande for dei andre ukategoriserte artiklane. Her er sidene som ikkje har interwikilenkjer. Slik WP fungerer no er det nok å legge til ei iw-lenkje, så fiksar Mediawiki lenkjer til dei andre språkversjonane sjölv. Akkurat dette er svært viktig arbeid, fordi iw-lenkjene er det mest nyttige ved heile se wp. Innhaldet er langt frå noko å vere stolt av, men med iw-lenkjer er det mogleg å etablere ein god samisk terminologi, og få meir info om samiske tema på andre språk, eller råd om korleis ein (betre) artikkel om emnet skal formulerast på samisk. Metoden her er å søke på sidene på andre iw-versjonar. Dei fleste sidene her er på lista av ein god grunn: Det finst ikkje artiklar på andre wp-versjonar. Så fingerspitzgefühlen vil dermed finne dei sidene som finst på andre versjonar: Personnamn og ord du kjenner att (t.d. ikkjesamiske stadnamn) er gode kandidatar. Trondtr (ságastallan) 12:15, 12 guovvamánnu 2019 (UTC).