Norga/bargamin

Wikipedia
Njuike: navigašuvdna, oza

Málle:Fakta om Noreg Málle:Omdir

Norga, virggálaččat Norgga gonagasriika, (dárogillii Norge, Kongeriket Norge, Málle:G-nn) lea Davviriikkaide gullevaš riika Skandinavia oarjeoasis. Eananrádjeriikkat leat Ruoŧŧa nuortin, Suopma ja Ruošša davvinuortin, ja mearrarádjeriikkat leat Dánmárku lullim ja Stuorra-Británnia oarjelullin. Norga lea guhkki ja seaggi, ja er eit nordisk land vest på den skandinaviske halvøya. Til lands grensar Noreg mot Sverige i aust, Finland og Russland i nordaust, og til havs mot Danmark i sør og Storbritannia i sørvest. Noreg er langt og smalt, og kysten strekkjer seg langsmed Nordatlanteren med havområda Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

Den arktiske øygruppa Svalbard er under norsk suverenitet med dei avgrensingane som gjeld i Svalbardtraktaten, men Svalbard er til liks med øya Jan Mayen ein del av kongeriket. Bouvetøya i Søratlanteren er derimot eit norsk biland. Noreg gjer òg krav på Peter 1.s øy i det sørlege Stillehavet og territoriet Dronning Maud Land i Antarktis, men begge desse er omfatta av Antarktistraktaten som legg territoriale krav i Antarktis på is.

Namma[rievdat | edit source]

Namma Norge/Noreg boahtá dološ dárogielas ja mearkkaša jáhkkimis 'riika davvin', 'landet mot nord'. Virggálaš namma lea girjedárogillii «Kongeriket Norge» ja ođđadárogillii «Kongeriket Noreg». Davvisámegillii riikka namma lea «Norgga gonagasriika», julevsámegillii «Vuona gånågisrijkka» ja lullisámegillii «Nøørjen gånkarijhke».

Fránskkagillii, mii lea virggálaš giella Máilmmi poastalihtus, lea namma «Norvège».

Historjá[rievdat | edit source]

I vikingtida frå 700-talet til 1000-talet vart områda som no utgjer Noreg, gradvis samla til eitt rike. Kong Harald Hårfagre vann slaget i Hafrsfjord i år 872, og grunnla det første norske kongssetet på AvaldsnesKarmøy. Skipsleia mellom Karmøy og fastlandet, den såkalla Nordvegen, gav namnet til Noreg. Norske vikingar var dyktige sjøfararar og dreiv handel med alle landa kring Nordsjøen, og busette seg òg på dei britiske og nordatlantiske øyene, og på Grønland.

Det er usemje om kor vidt Noreg vart samla med utgangspunkt i Vestfold og Austlandet. Den tradisjonelle oppfatninga er at Harald Hårfagre ervde rike i Vestfold og delar av Austlandet og derifrå la under seg det indre Austlandet, Trøndelag og hærtok Vestlandet gradvis sørover kysten. Det går klårt fram or sogene at ei anna mektig ætt med sete i Trøndelag, ladejarlane hadde sett i gang ei liknande samling om lag samstundes. Desse ættene fekk vekselsvis støtte frå danekongen. Det verkar likevel som om Hårfagre-ætta vann denne maktkampen med kong Olav (den Heilage) si maktovertaking om lag 1015. Etter dette var Lade-ætta slått tilbake.

År 995 grunnla kong Olav Trygvason den første kyrkja på MosterBømlo, og byrja kristninga av landet. År 1024 sette kong Olav (seinare kalla Olav den Heilage) og bisp Grimkjell kristenrettenMostratinget same staden. Ein reknar heile riket som kristna ved slaget på Stiklestad i år 1030, der Olav den Heilage fall. Etter ei lang tid med borgarkrigar vart den arvelege kongsmakta tryggja under Sverreætta. Den norske kongsslekta døydde ut i 1387, og landet gjekk inn i ei unionstid i Kalmarunionen med Danmark og Sverige. Etter 1450 fortsette kongsfellesskapet med Danmark aleine. Tida blir i Noreg kalla «400-årsnatta», av di Noreg var den svake parten i unionen og vart styrt frå hovudstaden København. Etter at Danmark-Noreg vart tvungne til å alliere seg med Napoleon og dermed kom blant taparane i Napoleonskrigane, førde Kieler-traktaten i 1814 til at Noreg vart avstått til Sverige. Men det lukkast å gje landet ei grunnlov 17. mai 1814 og å tryggje norsk sjølvstende også etter at ein kort krig med Sverige tvang Noreg inn i personalunion med Sverige.

Aukande norsk misnøye med unionen gjennom 1800-talet førde til oppløysing av den norsk-svenske unionen i 1905, stadfesta ved ei folkerøysting. Den norske regjeringa baud den norske krona til danske prins Carl, og etter ei ny folkerøysting kåra Stortinget han til konge. Han tok namnet Haakon VII etter dei gamle norske kongane. Den norske kongefamilien, liksom den danske, høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg (ei grein av huset Oldenburg).

Noreg var nøytralt under 1. verdskrigen, men som eit resultat av den tyske invasjonen og okkupasjonen under 2. verdskrigen, vart nordmennene langt meir skeptiske til nøytralitetsprinsippet. Stemninga dreidde mot ei kollektiv tryggjingsavtale for landet. Noreg var ei av dei underskrivande partane ved danninga av NATO i 1949 og var blant landa som grunnla FN i 1945. Det norske folket har to gonger røysta imot å bli med i EU, nemleg i 1972 (då: EEC) og i 1994 (då: EF). Noreg har likevel ei tilknyting til den europeiske indre marknaden gjennom EØS-avtala.

Politihkka[rievdat | edit source]

Noreg er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk regjeringssystem. Etter grunnlova frå 1814 er Kongen statsoverhovud og vel sjølv sitt råd, men etter riksrettsdommen i 1884 må likevel regjeringa i praksis ikkje få eit fleirtal i Stortinget mot seg. Grunnlova gjev Kongen personleg vidtrekkjande rettar, men desse blir ikkje praktisert i dag, og funksjonen hans er vorten først og fremst seremoniell. Statsrådet, eller regjeringa, er samansett av ein statsminister og minst sju statsrådar, utnemnde av Kongen. Kongen kan i teorien utnemne kven han vil, men vel alltid den regjeringa statsministeren føreslår.

Det norske parlamentet – Stortinget – har 169 medlemer, som er valte frå 19 fylke for ein fire-årsperiode ut frå eit system med proporsjonal representasjon. Lovforslag vart handsama i Odelstinget og Lagtinget. Påtale i riksrettssaker vert reist av Odelstinget og teke til doms av Lagtinget. Ut over dette blir Stortinget sine saker handsama i plenum, etter saksførebuingar i ulike fagkomitear (justiskomiteen, finanskomiteen, landbrukskomiteen, osb).

Dei regulære rettsinstansane omfattar Høgsterett (18 permanente dommarar (per 2004) og ein justitiarius), lagmannsrettane (Borgarting, Eidsivating, Agder, Gulating, Frostating og Hålogaland), tingrettane (tidlegare by- og herredsrettane) og forliksråda (handsamar sivile tvistesaker). I tillegg kjem særdomstolar som Arbeidsretten. Dommarane ved dei regulære rettsinstansane og særdomstolane utnemnast av regjeringa. Den særskilte Riksretten vurderer spørsmål om brotsverk utført av medlemer i Stortinget, Regjeringa eller Høgsterett som slik.

Geografiija[rievdat | edit source]

Fylkkat[rievdat | edit source]

float

Norga lea hálddahuslaččat juhkkojuvvon 19 fylkii ja 429 gildii:

  1. Østfolda
  2. Akershus
  3. Oslo
  4. Hedmárku
  5. Opplánda
  6. Buskerud
  7. Vestfolda
  8. Telemárku
  9. Nuorta-Agder
  10. Oarjel-Agder
  11. Rogalánda
  12. Hordalánda
  13. (Fylka nummir 13 bázii eret jagis 1972 go Bergena fylka ovttastahttojuvvui Hordalándda fylkii)
  14. Sogn ja Fjordane
  15. Møre ja Romsdála
  16. Lulli-Trøndelága
  17. Davvi-Trøndelága
  18. Nordlánda
  19. Romsa
  20. Finnmárku

Čoahkkebáikkit[rievdat | edit source]

Noreg har 909 tettstader.

Tettsted Folkemengde Areal, km²
Oslo Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Bergen Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Stavanger/Sandnes Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Trondheim Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Fredrikstad/Sarpsborg Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Drammen Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Porsgrunn/Skien Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Kristiansand Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Tromsø Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Sandefjord Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Ålesund Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Haugesund Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Moss Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Tønsberg Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Bodø Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Arendal Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Hamar Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Lillehammer Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Larvik Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder
Halden Málle:Tettsted Málle:Areal norske tettsteder

Tabellen viser innbyggere i tettstedet, ikke kommunen med tettstedets navn. Tettstedene med skråstrek består av to byer som har vokst sammen. I tettstedet Oslo har både Oslo, Sandvika og Lillestrøm bystatus. I tettstedet Drammen har også Hokksund bystatus, og i Porsgrunn/Skien har også Brevik, Stathelle og Langesund bystatus. Ytterligere 25 tettsteder har over 10 000 innbyggere, mens 169 har mellom 2000 og 10000 innbyggere. Totalt er det 922 offisielle tettsteder i Norge. Det totale tettstadsarealet for heile landet er 2 263 km2, med eit innbyggartal på 3 607 813. Sjå artikkelen om omgrepet tettstad for definisjonar.

Topografiija ja dálkkádat[rievdat | edit source]

Málle:Detaljar

Noreg har eit opprive og fjellrikt landskap. Kystlinja på meir enn 20 000 kilometer er broten av steile fjordar og eit mangfald av øyer og holmar. Noreg er òg kjent som midnattssolas land, av di det ligg delvis nord for polarsirkelen. Her går sola ikkje under horisonten ei tid om sommaren, og om vinteren er desse områda utan sollys ei tilsvarande lang tid.

Heile lengda av Noreg følgjer Nordatlanteren. Tre havområde utgjer kystlinja; Nordsjøen og avstikkaren Skagerrak i sørvest og sør, Norskehavet i vest, og Barentshavet i nordaust. Det høgste punktet i Noreg er Galdhøpiggen med sine 2469 meter.

Det norske klimaet er temperert, særleg langs kysten som er påverka av golfstraumen heilt nord til Barentshavet. Noreg ligg i ei sone der polarfronten skaper ein vestleg luftstraum, og dette dominerer vêr og klima i stor grad. Klimaet i innlandet er noko kaldare om vinteren, og i den nordlegaste delen herskar meir arktiske forhold.

Geahča maid[rievdat | edit source]

Ekonomiija[rievdat | edit source]

Norgga ekonomiija lea rikkis kapitalistalaš čálgoservodat, gos lea friddja márkanfámuid ja almmolaš regulerema ovttastahttima. Regjeringa kontrollerer vitale område som den petrokjemiske sektoren gjennom store statsselskap. Landet er rikt på naturressursar - petroleum, vasskraft, fisk, skog og mineral. Dei store naturressursane har samstundes gjort landet svært avhengig av internasjonale råvareprisar, særleg oljeprisane. I 1999 utgjorde oljeeksporten 35 % av eksportinntektene. Saudi-Arabia og Russland er dei einaste landa som eksporterer meir olje enn Noreg.

Den økonomiske veksten var 0,8 % i 1999, 2,7 % i 2000 og 1,3 % i 2001. Det vart igangsett privatiseringar i 2000, der regjeringa selde 1/3 av det 100 % statseigde oljeselskapet Statoil. Noreg står utanfor EU etter folkerøystingar i 1972 og 1994. Landet er saman med Island og Liechtenstein ein del av den indre marknaden i EU gjennom EØS-avtala.


Veahkat[rievdat | edit source]

[[Fil:Population graph for Norway.svg|300px|thumb|Folketalsutvikling i Noreg 1735–2012, i millionar menneske. Data frå SSB.[1]]] [[Fil:Annual population growth of Norway.svg|300px|thumb|Årleg folketalsvekst i Noreg 1951–2009, i tusener. Data frå SSB.[2]

Málle:Col-beginMálle:Col-2

██ Naturleg vekst

Málle:Col-2

██ Absolutt vekst

Málle:Col-end

]] Folketalet i Noreg er 4,64 millionar og aukar med vel 0.7 % årleg (2005). Kjønnsfordelinga er 50,5 % kvinner og 49,5 % menn. Aldersfordelinga er 19,8 % frå 0 til 14 år, 65,4 % frå 15 til 64 år, og 14,8 % frå 65 år og oppover (estimat 2004.)[3]

3 560 137 menneske, eller 77,6 prosent av innbyggjarane i landet, bur i tettstader (1. januar 2005). Av desse bur 1 345 000 i dei fire største byane. Det er 23 647 fleire som bur i tettstader i 2005 enn i 2004..

Álbmogat[rievdat | edit source]

Etnisk sett er størstedelen av folket i Noreg nordisk/nord-germansk, medan eit lite mindretal er samisk eller finsk/kvensk. Samar har status som urfolk, mens skogfinnar, kvenar, romanifolk (reisande, tatrar), roma (sigøynarar) og jødar har status som nasjonale minoritetar. Dei siste par åra har innvandring utgjort meir enn halvparten av folkeveksten, og ein aukande del av folket er innvandrarar; 8,3 % per 1.1.2006. Dei største innvandrargruppene er pakistanarar, svenskar, og irakarar [4]).

Osku ja eallinoaidnu[rievdat | edit source]

Kring 77 % av innbyggjarane er medlemmer i den evangelisk-lutherske statskyrkja (1.1.2012)[5]. Andre kristne trussamfunn utgjer cirka 4,5 % (Den evangelisk-lutherske frikyrkja, Den katolske kyrkja, pinsevenner, metodistar med fleire) Blant dei ikkje-kristne religionane er islam sterkast representert i Noreg med om lag 2 %, og andre religionar knapt 1 %. Human-Etisk Forbund har om lag 1,5 % oppslutnad. Per 1.1.2003 er rundt 5 % av innbyggjarane ikkje medlemer i noko trussamfunn eller nokon livssynsorganisasjon som mottek statsstøtte.[6]

Oahppu[rievdat | edit source]

24 prosent av alle nordmenn over 15 år (eller 845 859 personar) har utdanninguniversitets- eller høgskulenivå. Av desse er 444 450 kvinner. 189 136 nordmenn har meir enn 4-årig universitetsutdanning (1. oktober 2004).

I 2004 var éin av tre kvinner og éin av fire menn i aldersgruppa 19–24 år i høgare utdanning (tal frå Statistisk sentralbyrå). Kvinneprosenten har auka mykje sidan 1981, då berre éin av ti kvinner i denne aldersgruppa var i høgare utdanning.

Frå 17 prosent i 1980, har den delen av studentane i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, som er kvinner, vakse til om lag 30 prosent i 2003. Innanfor samfunnsfag og juss har kvinneprosenten stige endå meir, frå 42 prosent i 1980 til over 60 prosent i 2003.

Hausten 2003 var det 209 800 studentar på norske universitet og høgskular.

Giella[rievdat | edit source]

Dárogiella[rievdat | edit source]

Det norske språket har i dag to offisielle skriftformer, bokmål og nynorsk. Desse er normerte av Norsk språkråd. I tillegg til desse finst mellom anna dei uoffisielle formene samnorsk, høgnorsk og riksmål. Samnorsk tek opp i seg former frå begge hovudmålformene, men er meir eller mindre gått ut av bruk. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk ca. 1930-1980.

Majoriteten av det norske folket skriv anten bokmål eller riksmål; grensene mellom desse er i dag svært flytande. Den delen av folket som brukar nynorsk som hovudmål nådde ein topp på 34,1 % i 1944 , men har i etterkrigstida gått jamnt tilbake og har idag falle til 10–15 %.

Nynorsk er eit alternativt skriftspråk som vart konstruert, systematisert og etterkvart etablert som skriftspråk på 1840-talet av Ivar Aasen, grunna på norske dialektar. Aasen kalla språket sitt landsmål; dette vart endra til nynorsk i 1929. Aasen freista å distansere dette språket frå det danskpåvirka språket som var i bruk på Austlandet og blant borgarskapet. Utover 1900-talet har nynorsken fjerna seg meir og meir frå det opphavlege landsmålet, i retning bokmålet, medan bokmålet har gått meir vekk frå dansk og nærma seg nynorsk og norske dialektar, framfor alt bymåla.

Høgnorsk er ei meir konservativ form av nynorsk, som motset seg tilnærmingstanken. Den høgnorske rettskrivinga byggjer på Aasen-normalen som ofte vert assosiert med Vestlandet og Telemark. Høgnorsk blir nytta av ein liten minoritet av språkleg engasjerte personar. Nokre av desse har tilknyting til Ivar Aasen-sambandet eller miljøet kring bladet Målmannen som har til føremål å fremja høgnorsk.

Riksmål er den største av dei uoffisielle formene og blir blant anna brukt av store aviser som Aftenposten. Denne målforma ligg nærare dansk og tradisjonelt, moderat bokmål enn det offisielle bokmålet. Bokmålet blir truleg nytta som hovudmålform av mellom 85 og 90 % av alle nordmenn og står sterkast i dei folkerikaste delane av Noreg, som på Austlandet og i storbyane. Bokmålet dominerer i dei fleste samfunnslag. Riksmålet blir fremja av Riksmålsforbundet. Riksmålet er representert i Norsk Språkråd og har eit eige normeringsorgan, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, som mellom anna utgjev eigne ordlister og Norsk Riksmålsordbok.

Alle dei skandinaviske språka utvikla seg frå tidleg norrønt. Av historiske grunnar kom dansk til å bli det offisielle språket i Noreg gjennom seinmellomalderen. Dansk var sidan mellomalderen først og fremst påverka av nedertysk, der om lag halvparten av ordtilfanget og viktige grammatiske strukturar kjem frå. Det skriftspråket som var i bruk i Noreg fram til byrjinga av 1900-talet var reint dansk, men har gjennom det følgjande hundreåret blitt tillempa noko i forhold til det danske, slik at ein kan snakke om eit eige norsk skriftspråk.

Sámegielat[rievdat | edit source]

Ulike samiske språk er i bruk i den samiske minoriteten i landet. Tre samiske språk blir snakka i Noreg, nord-, sør- og lulesamisk. Nordsamisk har ei dominerande stilling, det blir snakka av over 80 % av dei samiskspråklege samane. Eit intensivt bergingsarbeid er igangsett for å få den yngre generasjonen til å taka i bruk dei to andre språka, som er brukt frå Tysfjord i Nordland og sørover til Engerdal i Østerdalen. Oslo er den kommunen i Noreg med flest samisktalande innbyggjarar. I tillegg til skriftspråket er samisk sjølvsagt òg eit språk med mange dialektar. Pite-, ume- og skoltesamisk er utdøydde som språk i Noreg, sjølv om det finst personar som definerer seg i dei tre gruppene òg.

Suoma- ja kveanagiella[rievdat | edit source]

Finsk finn vi i to avgrensa område i Noreg. Til den søraustlege delen av Hedmark, Finnskogen kom det på 1600-talet innvandrarar frå Savolaks i Finland. Dei hadde vorte lokka til Värmland av svenskekongen, med løfte om skattefritak, og dei utgjorde ein språkleg minoritet i bortimot 300 år. Som ein del av den finske ekspansjonen nordover kom det i fleire bølgjer innvandrarar frå Tornedalen og Finland til Noreg, dei vart kalla kvenar. Språket deira skilde seg etter kvart frå finsk i Finland (ikkje minst på grunn av finsk språkrøkt dei siste 150 åra), og mange ser på kvensk som eit eige språk.

Eará gielat[rievdat | edit source]

I Bergen var det frå mellomalderen av eit lite plattysk-språkleg samfunn i samband med hansahandelen. Denne gruppa, som seinare gjekk over til å bruke høgtysk, sokna til Mariakirken. Det tyske samfunnet i Bergen vart stort sett fullt assimilert mot slutten av 1800-talet.

Dei nasjonale minoritetane romanifolk (reisande, tatrar) og roma (sigøynarar) talar tradisjonelt språk av indisk opphav. Sigøynarane talar det hovudsakleg indoiranske språket romanés, mens romanifolket tradisjonelt brukar skandinavisk/indiske blandingsspråk som romani og rodi.

Språk tilknytte den nasjonale minoriteten jødar i Noreg inkluderer først og fremst det hovudsakleg vestgermanske språket jiddisch (blant askenasiske jødar) og det semittiske språket hebraisk.

Dei viktigaste innvandrarspråka i Noreg i dag, målt etter talet morsmålselevar i grunnskulen, er albansk, arabisk, persisk, serbokroatiske språk (serbisk, kroatisk og bosnisk), kurdisk, tamil, urdu (med dei nærskylde språka hindi og panjabi) og vietnamesisk.

Kultuvra[rievdat | edit source]

Kjende nordmenn omfattar mellom andre forfattaren Ludvig Holberg som skreiv på rein dansk, riksmålsforfattarane Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Sigrid Undset, nynorskforfattarane Tarjei Vesaas og Jon Fosse, eventyraren Roald Amundsen, den ekspresjonistiske målaren Edvard Munch og den nasjonalromantiske komponisten Edvard Grieg.

Geahča maid[rievdat | edit source]

Gáldut[rievdat | edit source]

  1. SSBs tabell 05803: Folkemengde, fødte, døde, ekteskap, flyttinger og folketilvekst (1735-2009). Tallene for 1735-1815 og 1838 er hentet fra Michael Drake (1969) Population and Society in Norway 1735-1865, Cambridge University Press. Før 1816 beregnet middelfolkemengde.
  2. SSBs tabell 05803: Folkemengde, fødte, døde, ekteskap, flyttinger og folketilvekst (1735-2009)
  3. [1]
  4. ([2]
  5. Church of Norway, 2011 Statistisk Norway 19.5.2012
  6. [3]

Liŋkkat[rievdat | edit source]

Wikimedia Commonsis lea eanet materiála, mii laktása suorgái: Norga/bargamin

Málle:EFTA Málle:EØS Málle:Schengenlanda Málle:Norden Málle:Skandinavia Málle:OECD

Kategori:Norden Kategori:EFTA Kategori:EØS Kategori:Land i Europa Kategori:Schengen-land Kategori:NATO-land


Málle:Link AA Málle:Link AA